Aaland Arkitektkontor søker Sivilarkitekter - Stryn

Publisert:
16.07.2018
Sted:
Stryn, Sogn Og Fjordane
Kategori:
Bygg og anlegg
Varighet:
Fast
Søknadsfrist:
17.08.2018
Vår oppdragsmengde aukar og vi ynskjer difor å få tilsett ein sivilarkitekt til. Vi skisserer, prosjekterer, modellerer og utarbeider komplette anbodsgrunnlag for både private og offentlege aktørar. Våre oppdrag er gjerne knytt til arkitektur for seg, eller i kombinasjon, og ofte også i samanheng med fleire andre fagfelt, som t.d. plan, konstruksjon, VVS, elektro og fornybar energi. Aaland Arkitektkontor AS er langt framme digitalt, med visualisering og modellering. 
 
Vi ønskjer at du:
  • Er utdanna sivilarkitekt
  • Har minimum 2 års relevant yrkeserfaring innan arkitektur, nyutdanna vert oppmoda om å søke
  • Har godt humør og engasjement og trivast med høgt tempo
  • Har stor interesse for og god kunnskap innanfor programvare tilknytt fagområdet
  • Har gode evnar og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Har gode leiareigenskapar
  • Har gode evnar til skriftleg og munnleg framstilling på norsk
 
Vi kan tilby:
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode utviklingsmoglegheiter
  • Spanande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde
  • Ein arbeidsplass med fokus på miljø – både fagleg, i utføring av arbeidsoppgåver og sosialt
  • Naudsynt opplæring
  • Konkurransedyktige tilsettingsvilkår
  • Å bu i Stryn byr på muligheten til å stå på ski store delar av året, Norges vakraste fjellheim og uendelig med turmuligheter rett utafor kontordøra
For erfarne og sjølvstendige kandidatar, kan det vere aktuelt å etablere satelittkontor andre stader i landet, med besøk på kontoret i Stryn ved behovAaland Arkitektkontor AS held til i Stryn sentrum og er eit rådgjevande arkitekt- og ingeniørselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg og arealplan. Selskapet har i dag 8 tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.